For lærarar

Skulekonkurranse 2015/2016!

Vi arrangerer kvart år ein bake-og ernæringskonkurranse for alle elevar med mat- og helse på timeplanen. Innsendingsfristen for bidrag er 29. april 2016, så legg det gjerne inn i undervisningsplanen allereie frå starten av skuleåret. Konkurransen går ut på å lage den beste kornbaserte oppskrifta til eit produkt som kan brukas som ettermiddagsmat, lunsjmat eller snackmat. Klikk her for å komme til konkurransesia - Grainfood is brainfood.

Grovt brød held deg aktiv lenger!

Vi i Opplysningskontoret for brød og korn (OBK) utarbeida hausten 2014 eit nytt undervisningsopplegg til bruk i mat- og helsefaget. Opplegget fokuserer på «matpakka». Presentasjon, lærarrettleiing og forslag til Brødskala-test ligg som pdf for nedlastning i venstre kolonne.

Det er også mogleg å få tilsendt eit sett med plakatar, presentasjon med kommentarer og tippekupongar til Brødskalatesten. Send ein e-post til siviren@brodogkorn.no med adressa di, så sørger vi for at du får pakken om nokre dagar.

Vi har dessverre ikkje fått laga ein eigen nynorsk-versjon, men håpar de vil bruke opplegget i undervisninga. Har de innspel til opplegget tek vi gjerne i mot tilbakemeldingar.

Forsking viser at om vi et sunt og variert og er fysisk aktive, kan vi redusere risikoen for å bli ramma av fleire sjukdommar.

Barn og unge brukar mykje av tida si på skulen, og matpakka er ofte det einaste og det viktigaste måltidet gjennom skuledagen.

Skal elevane klare å halde konsentrasjonen oppe gjennom ein heil dag med læring bør dei ha eit sunt og godt kosthald basert på grove kornprodukt, frukt og grønt. Det er difor ekstra viktig å få kunnskap om rett kosthald inn i undervisninga allereie frå skulestart.

Klikk her for å laste ned presentasjonen.

Klikk her for å laste ned lærarrettleiinga.

Tipp kor grovt

Vi har også laga ein enkel Brødskalatest som kan brukast i klassa for å få økt fokus på og medvit rundt val av brød når vi handlar i butikken. Det er nemlig ikkje mogleg å sjå kor grovt eit brød er, og det er viktig å ete så grovt som mogleg.

Klikk her for å laste ned pdf med omtale av Brødskalatesten og plansje.

Undervisningsmateriell

Undervisningsmateriellet er tilpassa kompetansemåla etter 7. trinn for mat og helse, og er innom 12 av 15 kompetansemål. Undervisningsmateriellet er sammensett av fem modular og er lagt opp slik at du som lærar kan plukke ut det du ønskjer å bruke frå kvar modul av fakta, oppgåver og oppskrifter.

Lærarrettleiinga til den enkelte modulen inneheld utdjupande fakta, kva for kompetansemål modulen er innom, forslag til organisering av undervisninga og lekseforslag. Du bør lese Introduksjon til undervisningsmateriellet før du tek materiellet i bruk. Her finn du tips til korleis du kan bruke fakta, oppgåver og oppskrifter, og dessutan nyttig informasjon om baking.

 

1. Kornartane2. Frå jord til bord3. Grove kornprodukt4. Måltida 
Lærarrettleiing Lærarrettleiing Lærarrettleiing Lærarrettleiing  
 
Fakta
Oppgåver
Oppskrifter
eller
Heile modulen
Fakta
Oppgåver
Oppskrifter
eller
Heile modulen
Fakta
Oppgåver
Oppskrifter
eller
Heile modulen
Fakta
Oppgåver
Oppskrifter
eller
Heile modulen
 

 

FasitFasit til oppgåvene

Utskriftsvennlig versjonUtskriftsvennlig versjon
Bokmål